Konsesjon
-
NVEs konsesjonsbehandling i 2015
NVE tildelte i 2015 konsesjoner som kan gi totalt 1,9 TWh ny fornybar vann- og vindkraftproduksjon. Det tilsvarer strømbruken til nærmere 100 000 husstander. Over halvparten av den nye vannkraftproduksjonen kommer fra store kraftverk.
-
Løyve til Straume kraftverk
NVE gjev Straume kraftverk AS løyve til å regulere Svartetjørn med ein meter og byggje Straume kraftverk i Kvernåni i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 11,7 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 580 husstandar.
-
Folkemøte om ny leidning frå Hornindal til Stranda og fire småkraftverk i Stranda
NVE arrangerer folkemøte om ny leidning frå Hornindal kommune i Sogn og Fjordane til Stranda kommune i Møre og Romsdal, og fire småkraftverk i Stranda. Møtet finn sted på Sunnylven samfunnshus i Hellesylt i Stranda kommune, tysdag 26. januar 2016 kl. 19.00.
-
NVE avslår søknad om bygging av Ådalen kraftverk
NVE gjev ikkje Bekk og Strøm AS løyve til å bygge Ådalen kraftverk i Brønnøy kommune i Nordland, grunna negative konsekvensar for reindrift og landskap.
-
Folkemøte om uttak av drikkevatn frå Bjerkreimsvassdraget
NVE arrangerer folkemøte om uttak av drikkevatn frå Bjerkreimsvassdraget i kommunane Bjerkreim og Gjesdal i Rogaland. Møtet finn stad i «Kulturbanken» i Bjerkreim kommunehus i Vikeså, torsdag 21. januar 2016 kl. 19:30.
-
Høyring av søknad om pilotanlegg for tidvasskraft i Gimsøystraumen
NVE har motteke konsesjonssøknad frå Norwegian Ocean Power AS for eit pilotanlegg for tidvasskraft i Gimsøystraumen i Vågan kommune i Nordland. Søknad er lagt ut på høyring, og fristen for å komme med merknader er 18. februar 2016.
-
Tilrår nye konsesjonsvilkår for Skoddebergvatn reguleringsmagasin
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje HLK Produksjon AS nye konsesjonsvilkår for Skoddebergvatn reguleringsmagasin i Skoddebergvassdraget i Skånland kommune i Troms fylke.
-
Konsesjonskraftprisen for 2016
Konsesjonskraftprisen for 2016 er fastsatt til 11,42 øre per kilowattime (kWh). Dette er en økning fra prisen for 2015, som er 10,60 øre/kWh. Prisen gjelder for hele leveringsåret 2016.
-
Seks løyve og fire avslag til småkraftverk i Nesset og Rauma i Møre og Romsdal
NVE gjev løyve til Kvidalselva og Skorga kraftverk i Nesset kommune, og Skorgeelva, Morgådalselva, Loftdalselva og Rabbelva kraftverk i Rauma kommune. Fire av kraftverka, Strandelva kraftverk i Nesset kommune og Smøråa, Høgseterelva og Kavlifoss kraftverk i Rauma kommune får avslag.
-
Tilrår standardvilkår for overføring av Veo til Tessevassdraget
NVE har handsama revisjon av konsesjonsvilkåra for overføring av Veo til Tessevassdraget i Lom kommune i Oppland. NVE rår Olje- og energidepartementet til å innføra standardvilkår etter vassdragsreguleringslova.
-
Ikkje løyve til Svorunden kraftverk
NVE gjev ikkje NGK Utbygging AS løyve til å bygge Svorunden kraftverk i Oppdal kommune i Sør-Trøndelag fylke, grunna negative verknadar for landskap og biologisk mangfald.
-
Løyve til Nundalselvi kraftverk i Årdal
NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Nundalselvi kraftverk i Nundalselvi i Årdal kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 14 GWh. Dette tilsvarar forbruket til om lag 700 husstandar.
-
Løyve til endring av konsesjon på 132 kV-leidningen Saltbotn–Årsandøy–Kolsvik
NVE gjev NTE Nett AS løyve til å byggje og drive den om lag 68,6 kilometer lange 132 kV kraftleidningen med komposittmastar. Løyvet gjeld også endring av trasé ved Sørfjordveien. Anlegga ligg i kommunane Nærøy og Bindal i Nord-Trøndelag og Nordland.
-
Tilrår løyve til overføring av Vetle Vendevatn
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft løyve til å overføre Vetle Vendevatn frå Vendovassdraget til Mågelivassdraget i Ullensvang herad og Odda kommune i Hordaland. Prosjektet vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i eit allereie utbygd vassdrag.
-
Løyve til to kraftverk i Nes og Hol i Buskerud
NVE gjev løyve til Eima kraftverk i Hol kommune og Todøla kraftverk i Nes kommune, begge i Buskerud. Eima kraftverk vil produsere om lag 8,5 GWh i eit medels år, medan Todøla kraftverk vil produsere om lag 8,2 GWh. Samla svarar dette til straumbruken til 800 husstandar.
-
Ikkje løyve til Kjækanelva kraftverk
NVE gjev ikkje Clemens Kraft AS løyve til å bygge Kjækanelva kraftverk i Kvænangen kommune i Troms, grunna negative konsekvensar for friluftsliv og reindrift.
-
NVE tilrår løyve til Hjertvatn og Røvatn
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Ballangen Energi AS (BEAS) løyve til fortsatt regulering av Hjertvatn, overføring av vatn frå Røvatn til Hjertvatn og bygging av Røvatn småkraftverk i Ballangen kommune i Nordland.
-
Tilrår konsesjon til overføring frå Vossadalsvatn til Svartavatn og til Øystese kraftverk
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje BKK Produksjon AS løyve til å overføre vatn frå Vossadalsvatn i Øystesevassdraget til Svartavatn i Samnangervassdraget, og til å gje Øystese Kraft AS løyve til å byggje det reduserte alternativet for Øystese kraftverk i Øystesevassdraget, i Kvam herad i Hordaland fylke.
-
Omløpsventiler bidrar ikke til målbar gassovermetning
Et prosjekt Uni research har gjennomført for NVE, viser at omløpsventiler ikke bidrar til målbar gassovermetning nedstrøms småkraftverk ved driftsutfall. Dette fordi omløpsventilen åpnes umiddelbart ved utfall.
-
NVE har gjort avgjersler om tre småkraftverk i Finnmark
NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje løyve til å bygge Stjernevatn kraftverk og å regulere Stjernevatn i Alta kommune. NVE gjev også løyve til å bygge Korselva kraftverk i Kvalsund kommune, medan Kjerringelva kraftverk i Alta kommune får avslag. Alle prosjekta ligg i Finnmark.
-
Revidert konsesjon til fjernvarmeanlegg i Stavanger, Sandnes og Sola
Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) har i dag gitt Lyse Neo AS revidert konsesjon for deres fjernvarmeanlegg i Stavanger, Sandnes og Sola kommuner.
-
Løyve til Nøra kraftverk og ikkje løyve til Folla kraftverk
NVE gjev løyve til Leneselva kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag.NVE gjev løyve til å byggje Nøra kraftverk i Os kommune, medan Folla kraftverk i Folldal kommune får avslag. Begge prosjekta ligg i Hedmark. Kraftverket vil produsere om lag 7,2 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 360 husstandar.
-
Løyve til Leneselva kraftverk og avslag til Leiråvatnet kraftverk
NVE gjev løyve til Leneselva kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 7,2 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 360 husstandar.
-
NVE gjev løyve til utviding av Bjerkreim transformatorstasjon
NVE har gjeve Statnett SF løyve til utviding av Bjerkreim transformatorstasjon, som tidlegare har fått konsesjon, men ikkje er bygd. NVE har samstundes gjeve løyve til Lyse Sentralnett for å skifte topplina på 300 kV Kjelland-Stokkeland.
-
NVE gir løyve til Vambheim kraftverk i Ulvik
NVE gir Kraftkarane AS løyve til bygge Vambheim kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 7,4 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 370 husstandar.