Publisert 29.06.2016

Løyve til Miljateig kraftvek

NVE gjev Miljateig Kraft AS løyve til å bygge Miljateig kraftverk i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket vil produsere om lag 8 GWh i året. Det svarar til straumbruken til om lag 400 husstandar.

Miljateig Kraft AS (SUS) vil utnytte fallet i Miljateigselva som renn ut i Åkrafjorden. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Miljateig kraftverk vil vere eit bidrag til fornybar energiproduksjon med avgrensa verknad for miljø.

Omsynet til landskap og friluftsliv er vektlagt sidan tiltaket ligg i randområdet til Etnefjella, som er eit regionalt viktig friluftsområde. NVE legg til grunn at inngrepa vil finne stad i eit anna landskapsrom, og at dei såleis ikkje vil redusere opplevinga av urørt natur i dette fjellområdet.

NVE meiner at den planlagde utbygginga er akseptabel med omsyn til landskap og friluftsliv, og har i tillegg lagt vekt på omsynet til biologisk mangfald.

NVE meiner at det bør sleppast ei noko større minstevassføring i sommarsesongen enn det det er søkt om, som avbøtande tiltak for å sikre artsmangfaldet knytt til bekkekløftene langs Miljateigselva. Dette vil redusere produksjonen med i underkant av 0,5 GWh/år. Med føresetnad om at avbøtande tiltak vert gjennomført, for å ta vare på landskap og biologisk mangfald, meiner NVE at verknadane for allmenne interesser er akseptable.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Miljateig kraftverk.

 

Les meir om Miljateig kraftverk.

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt: tlf. 901 98 216

Sakshandsamar Bård Ottesen: tlf. 22 95 95 28