Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 03.11.2015 , sist oppdatert 26.07.2021

Damsikkerhet

Dammar og andre vassdragsanlegg kan vere ei fare for samfunnet om ikkje sikkerheita ved anlegga vert teke på alvor. Ansvaret for sikkerheita er plassert hos eier av vassdragsanlegga, medan NVE si rolle er å sjå til at eigaren følgjer opp dei krava til sikkerheit som blir stilt gjennom regelverket.

Tilsynet med sikkerheit ved dammar og andre vassdragsanlegg vert i dag ivareteke av seksjon for damsikkerheit i NVE. Omgrepet vassdragsanlegg omfattar mellom anna
- dammar (demningar)
- trykkrør knytta til kraftverk
- luker og ventilar
- tverrslagportar og proppar
- sluseanlegg

Der brot på eit vassdragsanlegg kan ramme menneske, miljø eller eigedom, skal anlegget klassifiserast i ein av fem konsekvensklassar. I dag føregår NVE sitt tilsyn med klassifiserte vassdragsanlegg i konsekvensklasse 1 til 4 hovudsakleg gjennom revisjonar, stikkprøver, rapportering og godkjenning av revurderingar, tekniske planer for nybygging og ombygging.