Publisert 22.06.2021 , sist oppdatert 15.03.2024

Status og planar for naturfarekartlegging i Noreg

NVE har ansvaret for statleg flaum- og skredfarekartlegging. NVE er nasjonal fagmyndigheit for flaum og skred. 

For å kunne prioritere innsatsen på ein god måte, har vi utarbeida «Plan for flaumfarekartlegging 2021-2025» og «Plan for skredfarekartlegging 2011». Planane viser kva typer kartlegging NVE vil utføre og kva kartleggingsmetodar og kartverkty vi prioriterar å utvikle i planperioden.

Kommunar, utbyggjarar og konsulentar er brukarar av våre kartprodukt og rettleiarar. Dei viktigaste bruksområda er arealplanlegging, for å vurdere behovet for skadereduserande tiltak og i beredskapssituasjonar. Planen skal mellom anna bidra til at brukarane får kunnskap og avklaringar om kva NVE planleggjer å kartleggje, og kva kommunar og utbyggjarar må kartleggje i eigenregi. Ei slik forventningsavklaring er viktig for alle partar.

Eksterne utlysingar

NVE lyser ut kartleggingsoppdrag til eksterne konsulenter. For skred i bratt terreng har NVE rammeavtale med Multiconsult Norge AS, Norges geotekniske institutt, Norconsult AS, Rambøll Norge AS, Skred AS og Sweco Norge AS om kartlegging.  Og bruker denne til å kartlegge skredfare i kommunar etter prioriteringane i plan for skredfarekartlegging

Rapportar for nasjonal skredfarekartlegging i regi av NVE

Rapport for nasjonal flaumfarekartlegging i regi av NVE