Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 26.02.2015 , sist oppdatert 29.04.2022

Dette er NVE

Vi i NVE arbeider for at vi som samfunn skal handtere klimaendringar, fornybar energi, forsyningssikkerheit, flaum, skred og internasjonalisering av bransje og regelverk i åra som kjem. 

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i dagens form vart grunnlagt i 1921, er underlagt Olje- og energidepartementet og har ansvar for å forvalte vass- og energiressursane til landet.

Vi varetek også dei statlege forvaltingsoppgåvene innanfor skredførebygging.

Vi skal sikre ei samla og miljøvenleg forvalting av vassdraga, fremme ein effektiv kraftomsetnad, kostnadseffektive energisystem og bidra til ein effektiv energibruk.

Vi skal vidare gjere samfunnet betre rusta til å handtere flaum- og skredfare og er sentrale i beredskapen for ras, flaum og ulykker i vassdraga.

Vi leier den nasjonale beredskapen på kraftforsyning. Vidare er det NVE som behandlar søknader om konsesjon for bygging av kraftstasjonar, kraftlinjer, transformatorar og andre installasjonar i kraftforsyninga, og regulering av vassdrag.

Vi arbeider både med endringar som bidreg til å redusere utsleppa frå klimagassar og til å tilpasse samfunnet til klimaendringane.

Vi er engasjert i forskings- og utviklingsarbeid, internasjonalt utviklingsarbeid og er nasjonal faginstitusjon for hydrologi.

vassdrags- og energidirektør, Kjetil Lund. Foto: NVE
Vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund

Fakturaadresse:

NVE
Fakturamottak DFØ
Postboks 4746 Torgarden
7468 Trondheim

Org. nr.: NO 970 205 039 MVA

Bankkonto: 7694 05 08971