Publisert 26.02.2016

Ikkje løyve til Flårendsfossen kraftverk

NVE gjev ikkje Otra Kraft DA løyve til å bygge Flårendsfossen kraftverk i Valle kommune i Aust-Agder, grunna negative verknader for bleka i vassdraget.

Kraftverket ville hatt ein årleg produksjon på om lag 10,6 GWh.

Bleka er ei sjeldan type laks som Noreg har eit særskilt ansvar for. Ei utbygging av Flårendsfossen vil bli eit permanent vandringshinder for bleka i vassdraget, og moglegheitene for avbøtande tiltak er avgrensa. Fordelane ved kraftverket det er søkt om å bygge, veg etter NVE sitt syn ikkje opp for dei negative følgjande for arbeidet med å betre forholda for bleka i Otra.

Les meir om Flårendsfossen kraftverk

 

 

 

Kontaktpersonar:

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89/ 901 98 216