NVE arrangerer offentlege møter om Lyse Elnett sine planar for ombygging av regionalnettet (Jærnettet) mellom Opstad og Vagle transformatorstasjonar i kommunane Sandnes, Time, Klepp og Hå i Rogaland.

Folkemøta gjeld Lyse Elnett si melding om å bygge om ni transformatorstasjonar: Vagle, Kalberg, Hatteland, Kleppemarka, Tu/Tjøtta, Holen, Håland, Nærbø og Opstad.

Lyse Elnett ønskjer også å spenningsoppgradere om lag 50 kilometer med kraftleidningar mellom de nemnte stasjonane frå 50 kV til 132 kV.

 

På møta vil NVE orientere om saksbehandlinga, og Lyse Elnett vil presentere planane for ombygginga.

Meldinga er lagt ut til offentlig gjennomsyn i kommunane det gjeld og på nve.no fram til høyringsfristen 9. oktober 2016.

 

Møta finn stad:

Måndag 12. september kl. 1900 i Klepp rådhus

Tysdag 13. september kl. 1900 i Nærbø samfunnshus

 

 

Les meir om ombygging av Jærnettet.