NVE inviterer til folkemøte om åtte små vasskraftverk i Modalen kommune i Hordaland tysdag 24. mai kl. 18.00 på Bryggjeslottet i Modalen.

Folkemøtet gjeld søknadar om bygging av Nåmdalselva, Tverråni, Budal II, Kvernhusfossen, Todeilselva, Seljedalselva, Bleidalselva og Almelidelva kraftverk.

På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane er lagt ut til offentleg ettersyn på kundetorget, Coop Modalen og på NVE sine nettstader fram til høyringsfristen, som er sett til 1. juli 2016.

 

Lenkje til søknadane:

Nåmdalselva kraftverk

Tverråni kraftverk

Budal II kraftverk

Kvernhusfossen kraftverk

Todeilselva kraftverk

Seljedalselva kraftverk

Bleidalselva kraftverk

Almelidelva kraftverk