Tilrådinga gjeld Skagerak Energi, Vinda kraftverk og Valdres Energiverk, Storefoss kraftverk. Begge i Øystre Slidre kommune.

Vinda kraftverk vil nytte eit fall på 232 meter i Vinda mellom inntaket på 720 meter over havet og kraftstasjon på 488 meter over havet. Vassvegen på om lag 3,2 kilometer er planlagt i tunnel på heile strekninga frå Søre Vindin og ned til Heggefjorden. Kraftverket vil gje om lag 56 GWh/år ny, fornybar energi. Dette svarar til straumforbruket til nærare 2800 husstandar. Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til landskap, friluftsliv og fisk.

Storefoss kraftverk vil nytte eit fall på 18,5 meter i Vala mellom inntaket på 482,45 meter over havet og kraftstasjon på 463,95 meter over havet. Vassvegen på om lag 130 meter er planlagt nedgrave på heile strekninga. Kraftverket vil gje om lag 6,2 GWh/år ny fornybar energi og 6,7 GWh/år dersom Vinda kraftverk blir bygd. Dette svarar til straumforbruket til om lag 310-335 husstandar. Det er ikkje registrert særlege negative verknader til bygging av Storefoss kraftverk.

For Vinda kraftverk legg NVE vekt på negative landskapsverknader og faren for spreiing av abbor til Heggefjorden. Det er ein føresetnad at kraftverket blir installert med peltonturbinar slik at risikoen for spreiing av abbor blir minimert og at det blir slept ei minstevassføring til Vinda som i størst mogleg grad avbøter dei negative verknadene for landskapet.

Samla sett vurderer NVE at fordelane ved bygging av kraftverka i høve til dei ålmenne og private interessene, er større enn skadane og ulempene. NVE legg vekt på at ei utbygging av Vinda og Storefoss kraftverk vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi med avgrensa miljøeffektar.

NVE har også sendt innstilling til OED for ein ca. 1,4 kilometer lang jordkabel (Skagerak Kraft) og nødvendige tiltak i transformatorstasjonen til Eidsiva Nett.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om Vinda kraftverk

Les meir om Storefoss kraftverk