Publisert 03.05.2016

NVE tilrår konsesjon til Bredvatn kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje SFE Produksjon AS løyve til utbygging av Bredvatn kraftverk i Bremanger kommune, Sogn og Fjordane.

Det nye kraftverket vil vere ei utviding av eksisterande Åskåra kraftverk og gje ein netto energiproduksjon på om lag 67 GWh/år, noko som svarar til straumbruken til rundt 3350 husstandar.

Kraftstasjonen er planlagd å liggje i fjellet nær null meter over havet. Inntaket plasserast nær utløpet av Øvre Bredvatn med ein tunell til kraftverket på om lag 4900 meter. Tunellen skal nyttast som tilkomst til inntaksområdet i anleggsperioden. Øvre Bredvatn vil regulerast med til saman 10 meter.

NVE legg vekt på at planane inneber ei god mengde ny, fornybar kraft og at ein i stor grad kan nytte eksisterande anlegg. Det vil ikkje vere behov for nye vegar og kraftverket kan koplast på eksisterande transformator. Det nye kraftverket vil gje auka reguleringsevne og større fleksibilitet slik at Åskåra 1 kan oppgraderast utan produksjonstap. Negative konsekvensar er i hovudsak knytt til redusert vassføring på nokre strekningar mellom Øvre Bredvatn og Åskorsvatn, varierande vasstand i Øvre Bredvatn og fysiske arealinngrep. NVE har lagt vekt på at kvalitetane for landskap, som og er viktige for friluftsliv blir teke omsyn til gjennom landskapsvernområdet som ligg like ved, men utanfor området som skal byggast ut.  

Les meir og sjå dokument i saka her.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 416 78 203
Seksjonssjef Carsten Stig Jensen, tlf. 908 50 206