NVE gjev løyve til Anga, Bakkeelva, Ervikselva, Hundsåna, Stølselva og Vassbrekka kraftverk. Fossevika, Hellevang, Marka, Rørvika, Torvik og Øvre Redal kraftverk får avslag. Prosjekta ligg i kommunane Askvoll, Førde og Naustdal i Sogn og Fjordane.

Dei seks kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 76 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 3800 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 49 GWh/år.

Landskap, friluftsliv og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet som har fått løyve for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som vil bøte på dei negative verknadane for dei seks kraftverka som har fått avslag.

 

Søkjar

Kraftverk

Kommune

Produksjon (GWh/år)

Anga Kraft SUS

Anga

Førde

18,0

Trollekraft AS

Bakkeelva

Askvoll

8,0

NK Småkraft AS

Ervikselva

Førde

16,6

Småkraft AS

Fossevika

Askvoll

Avslag

Norges Småkraftverk AS

Hellevang

Førde

Avslag

Nordkraft Prosjekt AS

Hundsåna

Førde

9,0

Norges Småkraftverk AS

Marka

Førde

Avslag

Rørvik Kraft

Rørvika

Askvoll

Avslag

Stølselva Kraft SUS

Stølselva

Førde

6,0

Torvik Kraft SUS

Torvik

Førde

Avslag

Vassbrekka Kraft AS

Vassbrekka

Førde

18,8

Øvre Redal Kraft AS

Øvre Redal

Naustdal

Avslag

 

Les meir om kvart kraftverk:

Anga kraftverk

Bakkeelva kraftverk

Ervikselva kraftverk

Fossevika kraftverk

Hellevang kraftverk

Hundsåna kraftverk

Marka kraftverk

Rørvika kraftverk

Stølselva kraftverk

Torvik kraftverk

Vassbrekka kraftverk

Øvre Redal kraftverk