NVE arrangerer to folkemøter om tolv småkraftverk og opprusting/utviding av tre kraftverk i Gloppen kommune i Sogn og Fjordane. Det vert arrangert eit møte for Hyen 2. februar, og eit møte for Sørstranda/Sandane 3. februar.

Folkemøtet i Hyen gjeld for søknadane om Solheim, Haugaelva, Øyrane, Røyrvik, Kaldeelva, Ommedal og Sessaelva kraftverk og vert arrangert tysdag 2. februar 2016 kl. 18.00 på Hyen samfunnshus.

Folkemøtet på Sørstranda/Sandane gjeld for søknadane om Skorgeelva, Rauset, Kvitefella II, Traudalen, Langedalselva, Trysilfossen, Eidsfossen, Evebøfossen kraftverk og vert arrangert onsdag 3. februar 2016 kl. 18.00 på Runnevang på Sørstranda/Sandane.

På møta vil søkarane presentere planane for kraftverka, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane med vedlegg ligg til offentleg ettersyn på heradshuset i Sandane og Joker Hyen, og på NVE sine nettsider fram til høyringsfristen 18. mars 2016.

 

Les meir:

Solheim kraftverk

Haugaelva kraftverk

Øyrane kraftverk

Røyrvik kraftverk

Kaldeelva kraftverk

Ommedal kraftverk

Sessaelva kraftverk

Skorgeelva kraftverk

Rauset kraftverk

Kvitefella II kraftverk

Traudalen kraftverk

Langedalselva kraftverk

Trysilfossen, Eidsfossen, Evebøfossen kraftverk