Publisert 03.03.2016

NVE gjev nytt oreigningsløyve for kraftleidning i Luster kommune

NVE gjev Luster Energiverk AS oreigningsløyve for bygging og drift av ein 66 kV kraftleidning mellom Veitostrond og Hafslo i Luster kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftleidningen skal knyte fleire småkraftverk på Veitastrond og langs Veitastrondvatnet til kraftsystemet. Luster Energiverk fekk endeleg konsesjon og oreigningsløyve for leidningen ved vedtak i Olje- og energidepartementet den 7. juni 2013.

Luster Energiverk søkte om nytt oreigningsløyve for leidningen fordi dei ikkje fremja krav om skjønn for skjønnsretten innan eit år etter at løyvet vart gjeve, slik Oreigningslova krev. Det er skjønnsretten som bestemmer erstatning til grunneigarar som ikkje har inngått frivillig avtale med utbyggar.

Det er ikkje endringar i dei fysiske planane for leidningsprosjektet, og NVE har gjeve nytt løyve likt det som er gjeve tidlegare.

Les meir om søknaden og oreigningsløyvet.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, tlf: 22 95 94 38 mobil: 90193008

Sakshandsamer: Arne Anders Sandnes, tlf. 22 95 92 18