Publisert 03.12.2015

NVE gir løyve til Vambheim kraftverk i Ulvik

NVE gir Kraftkarane AS løyve til bygge Vambheim kraftverk i Ulvik herad i Hordaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på 7,4 GWh. Dette svarar til straumbruken til om lag 370 husstandar.

I handsaminga har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Vambheim kraftverk, vil vere eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil etter dei framlagde planane nytte ei fallhøgd på 165 m i Vambheimselva, med inntak på 185 moh. og kraftstasjon på 20 moh. Tiltaket i Vambheimselva er inngrepsnært, og vil i stor grad nytte eksisterande vegar. Vassvegen skal vere nedgraven heile vegen.

Konfliktane er primært knytt til moglege konsekvensar for raudlisteartar i bekkekløfta og for anadrom fisk. NVE meiner at ulempene kan avgrensast ved å sette vilkår om mellom anna tilstrekkeleg minstevassføring, og varsame inngrep i anleggsfasen.

Les meir her: http://beta.nve.no/konsesjonssaker-og-hoeringer/konsesjonssak?id=5577&type=V-1

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Vambheim kraftverk på fastsette vilkår.

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Førstekonsulent Heidi Kannick, tlf. 22 95 91 79