Publisert 04.12.2015 , sist oppdatert 05.12.2015

Løyve til Leneselva kraftverk og avslag til Leiråvatnet kraftverk

NVE gjev løyve til Leneselva kraftverk i Hemne kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil produsere om lag 7,2 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til 360 husstandar.

Leneselva kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon.

Ein føresetnad for løyvet er at kraftverket blir bygd utan overføring av Melslættelva og regulering av Leiråvatnet. Anadrom fisk i Leneselva kan takast i vare på ved god detaljplanlegging og installasjon av omløpsventil.

NVE avslår søknaden om å byggje Leiråvatnet kraftverk på grunn av konsekvensane for landskapsbiletet i eit urørt fjellområde, friluftsliv og biologisk mangfold. Kraftverket ville ha gjeve ein produksjon på 8,6 GWh.

For nærare grunngjeving, sjå omtale av sakene:

Leneselva kraftverk

Leiråvatnet kraftverk

Kontaktpersonar:
Seniorrådgjevar Frank Jørgensen, tlf. 22 95 94 31
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 216

Kontaktpersonar:

Seniorrådgjevar Frank Jørgensen, tlf. 22 95 94 31

Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89 / 901 98 21