NVE avslår søknad frå Namdal Kraft AS om løyve til å byggje Røyrvasselv kraftverk i Røyrvasselva, og til å regulere Røyrvatnet i Rørvik kommune i Nord-Trøndelag.

Avslaget er i hovudsak grunngjeve med at kraftverket ville ha produsert lite straum, medan kostnadane er høge. Røyrvasselv kraftverk med tilhøyrande regulering ville hatt ein årleg kraftproduksjon på om lag 2,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 135 husstandar.

Prosjektet har ein utbyggingskostnad på 9,11 kr/kWh, noko som er ein svært høgt for småkraftverk. Samstundes ville kraftverket til ei viss grad ha påverka naturtypar og landskap negativt, og auka den samla belastninga på vassdraget.

Les meir om saka.