Publisert 02.05.2016

Løyve til Aldalselva småkraftverk med regulering

NVE gir løyve til Aldalselva kraftverk med 1,1 meter regulering av Fitjavatnet i Aldalen i Samnanger kommune i Hordaland. Kraftverket vil få ein årlig produksjon på om lag 17,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til 900 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Aldalselva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av regulerbar fornybar energi.

Aldal Kraft AS (SUS) planlegg å gjere nytte av fallet i Aldalselva mellom 336 moh og 5 moh, samt å kunne regulera Fitjavatnet med 1,1 meter. Reguleringa vil bidra til ein jamnare kraftproduksjon. Vassvegen vil gå i tunnel i om lag 300 meter frå inntaket, deretter i nedgraven rørgate til kraftstasjonen.

For å ta vare på naturmiljøet i og rundt elva, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 30 l/s heile året.

NVE vurderer i sum at nytta av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir løyve til bygging av Aldalselva kraftverk.

Les meir om Aldalselva kraftverk.

 


 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 15 / 90 19 82 16

Overingeniør Finn Roar Halvorsrud, tlf. 22 95 98 53