NVE gjev Blåfall AS løyve til å bygge Fagerdalen kraftverk i Snillfjord kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg produksjon på om lag 5,3 GWh. Dette svarar til forbruket til om lag 270 husstandar.

Fagerdalen kraftverk vil gje eit bidrag til auka produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil samstundes og kunne ha positive lokale ringverknadar.

Kraftverket er planlagt i Fagerdalselva, med inntak ved kote 356 og kraftstasjon ved kote 100. Løyvet er gitt under føresetnad om tilstrekkeleg minstevassføring på 40 liter i sekundet heile året.

NVE har merka seg at tiltaket vil medføre nokre negative verkander for landskap. Likevel meiner NVE at terrenginngrepet kan reduserast gjennom god detaljplanlegging, i tillegg til at inngrepet sine visuelle verkandar vil bli mindre som fylgje av revegetering. Redusert vassføring langs elvestrekninga vil påverke vassavhengig liv i og langs elva, men så lenge det slippes ei viss minstevassføring, er dei negative konsekvensane avgrensa.

NVE vurderer at nytta av tiltaket i form av ny fornybar energiproduksjon er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gjev difor løyve til bygging av Fagerdalselva kraftverk på fastsette vilkår.

Les meir om Fagerdalen kraftverk.