NVE avslår søknad om løyve til å bygge Åselva kraftverk i Åmotselva i Gaular kommune i Sogn og Fjordane. Omsyn til nasjonale laksevassdrag og vern mot kraftutbygging i Gaularvassdraget er dei viktigaste grunnane til avslaget.  

Kraftverket ville hatt ein årleg produksjon på om lag 4,8 GWh, noko som svarar til forbruket til om lag 240 husstandar.

Åmotselva ligg i det verna Gaularvassdraget. Vassdraget har staus som «typevassdrag», altså at vernet skal ivareta noko som er typisk for vassdragsnaturen i regionen. NVE meiner bygging av Åselva kraftverk strir mot vernegrunnlaget for vassdraget, av di den samla belastinga på vassdraget alt er stor. I tillegg ligg kraftverket på anadromt strekke og kjem i konflikt med tryggingsregimet for nasjonale laksevassdrag.

Les meir om bakrunn for vedtaket på nve.no

Kontaktpersonar:
Kirsten Marthinsen, sakshandsamar, tlf. 22 95 92 34
Øystein Grundt, seksjonssjef, tlf. 22 95 93 89