NVE vil halde folkemøte om ti små vasskraftverk og eitt nettanlegg i kommunane Namsskogan og Grong i Nord-Trøndelag tirsdag 7. juni 2016 kl. 19.00 i kommunestyresalen i Namskogan kommune.

Folkemøtet gjeld søknadar om bygging av Grøndalselva, Grøndalstjønna, Øvre Skorovasselva, Nedre Skorovasselva, Sandåa, Storsteinåa, Litlflåttådalselva, Flåttådalselva, Bjørelva og Steinåa kraftverk. I tillegg er det søkt om ny kraftline og trafostasjon på Kjelmyrlonet.

På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka, line og trafostasjon, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er sett av tid til spørsmål og diskusjon.

Søknadane er lagt ut til offentleg ettersyn på servicetorget i begge kommunane og på NVE si nettside fram til høyringsfristen 26. august 2016.

Lenkjer til søknadane:

Grøndalselva

Grøndalstjønna

Øvre Skorovasselva

Nedre Skorovasselva

Sandåa

Storsteinåa

Litlflåttådalselva

Flåttådalselva

Bjørelva

Steinåa

132 kV Tunnsjødal – Kjelmyrlonet og nye Brekkvasselv transformatorstasjon ved Kjelmyrlonet