Publisert 04.07.2016 , sist oppdatert 05.07.2016

Tilrår løyve til Tyssespranget kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Statkraft løyve til å bygge Tyssespranget kraftverk i Tyssovassdraget i Odda kommune i Hordaland.

Prosjektet vil gje betre utnytting av vasskraftressursane i det allereie utbygde Tyssovassdraget, som ligg nord for Ringedalsvatnet.

Fallstrekninga som skal byggjast ut, ligg nedstraums magasinet Øvre Tyssevatn, og vassføringa er såleis regulert i dag. Kraftverket vil gje 17,4 GWh ny, fornybar energi. Dette svarar til straumforbruket til nærare 900 husstandar. Om lag halvparten av dette vil vere regulerbar kraft.

Dei negative konsekvensane er i hovudsak knytt til landskap, friluftsliv og turisme. NVE legg særleg vekt på negative landskapsverknader. Det er ein føresetnad at det blir slept ei minstevassføring som i størst mogleg grad avbøter dei negative verknadene for landskapet. Samla sett vurderer NVE at fordelane av overføringa i høve til dei ålmenne og private interessene, er større enn skadane og ulempene.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga

Les meir om saka

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf. 22 95 90 88 / 416 78 203

Sakshandsamar Ragnhild Stokker, tlf. 22 95 93 02 / 480 05 630