NVE gjev løyve til NGK Utbygging AS til å bygge Grønlielva kraftverk i Nærøy kommune, Nord-Trøndelag fylke. NVE rår Olje- og energidepartementet til å ikkje gje Nærøy kommune løyve til å bygge Grytbogen kraftverk i same kommune.

Grønlielva kraftverk vil gje om lag 10 GWh ny kraft, noko som svarar til straumbruken til om lag 500 husstandar.

Med ei tilpassa og redusert utnytting av Grønlielva, meiner NVE at dei negative verknadene for reindrift, landskap og anadrom fisk er akseptable. NVE gjev samstundes løyve til å knyte Grønlielva kraftverk til eksisterande nett med ein om lag 2 km lang jordkabel.

NVE meiner at ei utbygging av Grytbogen kraftverk ville vere negativt for reindrifta i området, og kunne gjere det utfordrande for reindriftsnæringa i distriktet å fortsette slik dei driv i dag. Ved ei utbygging ville ein og ein miste eit stort naturområde som i dag har eit urørt preg. NVE meiner difor at ein kraftproduksjonen på 33,5 GWh med ikkje-regulerbar kraft, som var planlagd produksjon i Grytbogen kraftverk, gjev fleire negative verknader enn positive.

Som følgje av at NVE rår til at Grytbogen kraftverk ikkje får løyve, rår NVE heller ikkje til at nettilknytinga av det planlagde kraftverket får løyve.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga av Grytbogen kraftverk.

Les meir om Grønlielva kraftverk.

Les meir om Grytbogen kraftverk.