NVE gjev Eidsiva Nett AS løyve til å byggje ein om lag 19,5 km lang kraftleidning frå Sandvold koplingsstasjon i Lillehammer kommune, via Lunde transformatorstasjon, til Engjom transformatorstasjon i Gausdal kommune i Oppland.

Den nye 66 kV kraftleidningen skal erstatte leidningen som går på strekninga i dag, og vil bli bygd i same trasé. Dagens leidning er gamal, og i ein slik tilstand at NVE meiner det er naudsynt å fornye leidningen for å sikre forsyninga til Gausdal kommune.

Leidningen går nær busetnad enkelte stader på strekninga, og i tillegg kryssar den Lågendeltaet naturreservat. NVE stiller krav om utarbeiding av miljø-, transport- og anleggsplan som mellom anna skal sikre at kryssinga av naturreservatet skjer på ein mest muleg skånsam måte, og at leidninga blir utforma slik at den gir minst muleg verknader for nærliggande busetnader.

Les meir om saka.