Publisert 17.03.2016 , sist oppdatert 18.03.2016

NVE gir løyve til småkraftverk i Vindafjord

NVE gir løyve til Gjerdesåna kraftverk i Gjerdesåna i Vindafjord kommune i Rogaland. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 4 GWh, noko som svarar til straumbruken til 200 husstandar.

NVE har lagt vekt på at ei utbygging av Gjerdesåna kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi.

Gjerdesåna kraftverk (SUS) er tiltakshavar for prosjektet. Utbygginga er planlagd med overføring av vatn frå elva Døldå. Utbygginga vil gjere nytte av fallet mellom 360 moh. og 25 moh. i Gjerdesåna. Elva Døldå skal overførast frå 465 moh til inntaket i Gjerdesåna via ei nedgraven røyrgate. Vassvegen frå hovudinntaket til kraftstasjonen skal også vere nedgraven heile vegen.

For å ta vare på naturmiljø og landskap, medrekna fossen i Døldå som eit landskapselement, er det krav om å sleppe ei minstevassføring på 25 l/s i sommarsesongen i Døldå.

NVE vurderer i sum at nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gi løyve til bygging av Gjerdesåna kraftverk.

Les meir om Gjerdesåna kraftverk på NVEs nettstad.

 

Kontaktpersonar:
Senioringeniør Mathilde Berg, tlf. 22 95 92 21
Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 15