I samband med utbygging av dobbelt togspor mellom Larvik og Porsgrunn, gir NVE løyve til å bygge ein om lag 28 kilometer lang kraftleidning frå Meen i Skien til Dolven transformatorstasjon i Larvik. NVE gjev samstundes løyve til ny koplingsstasjon og omformarstasjon på Solum i Skien, og utviding av transformatorstasjonen på Dolven i Larvik.

Anlegga, som ligg i Telemark og Vestfold, er naudsynte for å gje nok straum til den nye jernbanen som er under bygging. Kraftleidningen vil samstundes sikre stabil og god straumforsyning i Stavern og Larvik.

NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan. Denne planen skal mellom anna sikre at anleggsarbeidet kan gjennomførast på ein mest muleg skånsom måte.

På nve.no kan du lese meir om løyve til den nye kraftleidningen og dei nye stasjonane på Solum.

 

NVE har gitt løyve til:

Om lag 28 kilometer ny kraftleidning frå Meen i Skien kommune via Solum, til Dolven transformatorstasjon i Larvik kommune (Skagerak Nett AS).

Ein ny koplingsstasjon på Solum i Skien (Skagerak Nett AS)

Ein ny omformarstasjon på Solum (Jernbaneverket)

Utviding av Dolven transformatorstasjon i Larvik (Skagerak Nett AS)