Publisert 20.04.2016

Ikkje løyve til Tysso kraftverk

NVE gjev ikkje løyve til å byggje Tysso kraftverk i Ulvik kommune i Hordaland. Hardanger Energi AS og BKK produksjon AS ville etter planane ruste opp og utvide det eksisterande kraftverket Ulvik 1 gjennom det planlagde Tysso kraftverk.

Den planlagde utbygginga ville ha gitt om lag 26,5 GWh fornybar straum kvart år, der om lag 20 GWh ville ha vore ny produksjon.

Ei realisering av Tysso kraftverk vil etter NVE si meining ha negativ verknad på ei bekkekløft av regional til nasjonal verdi. Det er ikkje mogelig å gjere biologiske undersøkingar i sjølve elvejuvet, men med bakgrunn i føre-var-prinsippet (naturmangfaldlova § 9) har NVE lagt til grunn at tiltaket vil medføre store negative konsekvensar for bekkekløftlokaliteten. I og med at bekkekløfta dekker det meste av fallet i prosjektet, har dei moglege negative konsekvensane for bekkekløfta avgjerande for utfallet av konsesjonshandsaminga. NVE har òg lagt noko vekt på landskap i vurderinga av konsesjonssøknaden.

Sjølv om ei utviding av det eksisterande kraftverket i Tysso ville kunne ha gitt relativt mykje ny fornybar kraftproduksjon, meiner NVE at ulempene er for store til å kunne gje konsesjon til utvidinga.

Les meir om Tysso kraftverk 

 

Kontaktpersonar:

Sakshandsamar Rune Moe, tlf. 22 95 93 15

Seksjonssjef: Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 / 90 19 82 16