NVE rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje Nordkraft Produksjon AS løyve til å føre over Tverrdalselva til Håkvikdalen og til å bygge Sjursheim og Nervatnet kraftverk i Narvik kommune i Nordland. NVE tilrår nye konsesjonsvilkår for Håkvikreguleringa, som legg fyllings- og tapperestriksjonar på Storvatnet i sommarperioden.

NVE meiner at dei samla, negative verknadene for landskap, reindrift, friluftsliv og fisk ved overføring av Tverrdalselva og bygging av to små kraftverk, er store vurdert opp mot krafta som ville ha vorte produsert. Dei to planlagde kraftverka og auka produksjon i det eksisterande Håkvik kraftverk, vil samla kunne ha gitt 56 GWh, der 34,4 GWh er ikkje-regulerbar kraft.   

NVE rår Olje og energidepartementet til å innføre nye og moderne, meir miljøvennlege konsesjonsvilkår for Håkvikreguleringa. NVE rår til at det blir fastsett fyllings- og tapperestriksjonar i Storvatnet i sommarperioden av omsyn til landskap, friluftsliv og erosjons forhold.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

 

Les meir om :

Overføring av Tverrdalselv til Håkvikdalen

Regulering av Håkvikvassdraget - Revisjon av vilkår