Publisert 27.05.2016

Løyve til småkraftverk i Meldal i Sør-Trøndelag

NVE gir Skjerva Kraft AS tillatelse til å bygge Skjerva kraftverk i Meldal kommune i Sør-Trøndelag. Kraftverket vil ha ein årleg kraftproduksjon på om lag 8,4 GWh. Dette svarar til forbruket til om lag 400 husstandar.

Utbygging av Skjerva kraftverk vil vere eit bidrag til produksjon av fornybar energi. Kraftverket vil også bidra til lokal verdiskaping.

Tiltaket er planlagt i elva Mosbryndskjerva, med inntak ved 389 moh. og kraftstasjon ved 137 moh. NVE har fastsett ei minstevassføring på 90 liter i sekundet i sommarsesongen og 50 liter i sekundet resten av året.

I vurderinga av søknaden har NVE lagt vekt på verknadane for naturmangfold, nærare bestemt naturtypen bekkekløft og anadrom fisk. Bekkekløfta har kun lokal verdi og NVE meiner det i tilstrekkelig grad kan sikrast med fastsett slepp av minstevassføring.

Nedanfor kraftstasjonsområdet finst det ein anadrom strekning på ei halv kilometer, men denne vil etter NVEs vurdering ikkje bli vesentleg råka av kraftverket, dersom det vert sett inn mildnande tiltak, som omlaupsventil i kraftverket. Mosbryndskjerva ligg i Trollheimen reinbeitedistrikt, og det er vurdert at kraftverket kun i liten grad vil gå ut over reindriftsinteressene.

Med dei fastsette vilkåra meiner NVE at fordelane ved ei utbygging er større enn skadane og ulempene for allmenne og private interesser, og gir difor løyve til bygging av Skjerva kraftverk.

Les meir om løyve til Skjerva kraftverk på nve.no.

Kontaktpersonar:
Saksbehandler Mathilde Berg, tlf. 22 95 92 21
Seksjonssjef Øystein Grundt, 22 95 93 89/901 98 216