Publisert 26.04.2016

Ikkje løyve til Uppstad kraftverk

NVE avslår søknad om løyve til å bygge Uppstad kraftverk i Håvestøylåne i Valle kommune i Aust-Agder, grunna konflikt med verneverdiane.

Uppstad kraftverk ville hatt ein årleg kraftproduksjon på om lag 5,7 GWh, noko som svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

Håvestøylåne er del av det verna vassdraget Njardarheim. Vassdraget vart verna i 1973 av omsyn til alminnelege naturvern- og friluftsinteresser i eit område som frå før er sterkt prega av kraftutbygging. Ei realisering av planane ville medført store inngrep og endring av naturlege vassføringstilhøve i ein urørt del av vassdraget. Det omfattande inngrepet ville også hatt negative konsekvensar for viktige naturverdiar. NVE meiner difor at verneverdiane ville blitt svekka.

Les meir om bakgrunn for vedtaket.

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf. 22 95 93 89 /901 98 216

Rådgjevar Kristine Naas, tlf. 22 95 97 66