Fagne får løyve til å bygge ei ny kraftleidning frå Fitjar til Tysnes
NVE gjev nettselskapet Fagne løyve til å bygge ny kraftleidning mellom Midtfjellet transformatorstasjon i Fitjar kommune og Søreid i Tysnes kommune. Det skal og byggast ein ny transformatorstasjon på Tjøreneset i Tysnes. Dei nye anlegga vil avlaste Stord transmisjonsnettstasjon og gje eit sterkare regionalnett i Sunnhordaland.
– Anlegga vil styrke forsyningstryggleiken og auke tilgangen på kraft i Sunnhordland. Dei vil også legge til rette for vidare utvikling av næringslivet i regionen, seier Ingrid Myrtveit, seksjonssjef i NVE.
Stord transformatorstasjon har i dag høg belastning, og det er lite kapasitet for å tilknytte nytt forbruk. Anlegga som Fagne får løyve til å bygge, vil utnytte ledig kapasitet i Midtfjellet transformatorstasjon og avlaste transformatorstasjonen på Stord. Delar av anlegga vil òg erstatte gamle leidningar som er i dårleg stand.
Slik skal leidninga byggast
Kraftleidninga vil byggast som sjøkabel der den kryssar Langenuen mellom Kalhagevika i Fitjar og Breidavika på Tysnes. På land skal den byggast som luftleidning. Samla lengde for kraftleidninga er 12,8 km.
Tjøreneset transformatorstasjon vil ligge i Søreidsvika, nokon kilometer sør for kommunesenteret Uggdal i Tysnes, med tilkomst frå fylkesveg 5086.
NVE stiller krav for å redusera negative konsekvensar
Kraftleidninga skal krysse områder som er mykje brukt til friluftsliv og områder med lite inngrep og verdifull natur. For å redusera dei negative verknadene og konsekvensane for miljø og samfunn, stiller NVE ein rekke krav til korleis Fagne skal utføra utbygginga.
– Vi har mellom anna pålagt Fagne å redusere skogrydding i leidningstraseen og ta omsyn ved arbeid i verdifull natur. I tillegg må Fagne, merka leidningane for å redusere faren for fuglekollisjonar og bruke mastar med mørke fargar. Det skal gjere leidninga mindre synleg for omgjevnadene på deler av strekninga, seier Myrtveit.
På Tysnes er bygging av ny E39 mellom Ådland og Svegatjørn ein føresetnad for omlegginga av eksisterande kraftleidning. NVE si løyve inneber difor ei trinnvis utbygging, så ein ikkje bygger ned områder før ein har avklart vegprosjektet.
Vidare prosess
Fagne skal utarbeide ein detaljplan som skal godkjennast av NVE før anleggsarbeida kan starte. I denne planen skal Fagne skildra korleis dei skal gjennomføre arbeidet og korleis dei vil etterleve dei tiltaka NVE har pålagt dei.
Fagne har også fått løyve til oreigning for nødvendige rettigheitar til å bygge og driva den nye kraftleidningen.