Publisert 08.09.2016

Ikkje løyve til Kvernhusfossen kraftverk

NVE har ei gruppe på 8 søknadar til handsaming om bygging av småkraftverk i Modalen kommune i Hordaland. NVE gjev avslag til Kvernhusfossen kraftverk før planlagd synfaring. Avslaget er grunngjeve med store negative konsekvensar for landskap.

Kvernhusfossen kraftverk er planlagt med ein installert effekt på inntil 2,7 MW og kraftverket vil då gje ein årleg produksjon på omlag 8,6 GWh/år.

NVE har gjort vedtak på eit tidleg tidspunkt, då prosjektet skilde seg ut med et høgt konfliktnivå. På grunnlag av den høge konfliktgraden meiner NVE at Kvernhusfossen kraftverk kan handsamast som ein eigen sak i forhold til dei 7 andre sakene som blei send ut på høyring i Modalen kommune.

NVE meiner Kvernhusfossen har så stor verdi for landskapet i Modalen at det i seg sjølv er tilstrekkeleg for å avslå søknaden. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å bygge kraftverket.

Modalen kommune og Fylkesmannen har fremja motsegn mot prosjektet. I tillegg har prosjektet møtt stor motstand i den offentlege høyringsrunda. NVE sitt syn er samanfallande med alle høyringspartar som har teke stilling i saka.

Les meir om saka Kvernhusfossen kraftverk

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt
tlf. 22 95 93 89 / 901 98 216

Avdelingsingeniør Henrik Langbråten
tlf.: 22 95 94 18