Tre løyve og fire avslag til småkraftverk i Troms
NVE gjev løyve til Bjørgelva kraftverk, Middagselva kraftverk og Øvre Tømmerelv kraftverk i Sørreisa kommune. Djupelva kraftverk i Lenvik kommune og Tverrelva kraftverk, Straumsbotn kraftverk og Sørelva kraftverk i Berg kommune får avslag. NVE gjev samstundes løyve til uttak av vatn til Djupelva vassverk.
Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 24 GWh i eit gjennomsnittleg år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1200 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gjeve om lag 24,5 GWh/år.
Landskap, friluftsliv og reindrift har vore sentrale tema i NVEs vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka vi meiner gjev minst konflikt med desse allmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.
NVE har sett vilkår til det enkelte prosjektet for å redusere dei negative verknadane for allmenne interesser. Etter NVEs vurdering er det ikkje mogleg å gjera tilpassingar som kan bøte på dei negative verknadane for dei fire kraftverka som har fått avslag.
Les meir om kvart kraftverk ved å følge lenke i tabellen under.
Søkjar |
Kraftverk |
Produksjon (GWh/år) |
Tinfos AS |
8,0 |
|
Norsk Vannkraft AS |
5,4 |
|
Nordkraft Prosjekt AS |
10,4 |
|
Småkraft AS |
Avslag |
|
Bekk og Strøm AS |
Avslag |
|
Bekk og Strøm AS |
Avslag |
|
Bekk og Strøm AS |
Avslag |