NVE gjev Mørenett AS løyve til å byggje ein 19,6 km lang kraftleidning mellom Tussa og Ørsta transformatorstasjonar i Ørsta kommune, Møre og Romsdal.

Den nye 132 kV kraftleidningen skal erstatte dei to 66 kV leidningane som går på strekninga i dag, og vil i hovudsak verte bygd i same trasé. I øvste del av Bakkedalen og ved innføringa til Ørsta transformatorstasjon skal leidningen byggast som jordkabel.

Leidningen vil leggje til rette for å knyte til ny kraftproduksjon i området. Samstundes er dagens leidning gamal, og i ein slik tilstand at det er naudsynt å fornye leidningen.

Meir informasjon kan du finne på NVE sine heimesider.