NVE arrangerer folkemøte 8. mars om planlagde vasskraftutbyggingar i Storfjord kommune i Troms.

Troms Kraftforsyning og Energi (TKFE) og Statskog Energi AS (SEAS) søker saman om å byggje Stordalen kraftverk og fleire nye overføringar til Govdajavri. I tillegg søker TKFE og SEAS om å byggje Paras småkraftverk og Rovejohka småkraftverk.

Bekk og Strøm AS søker om å byggje Tverrdalselva småkraftverk og Innerelva småkraftverk.

Folkemøtet om planane vert arrangert tysdag 8. mars 2016 kl. 18.30 på Skytterhuset til Storfjord Skytterlag på Brenna, Oteren i Storfjord kommune.

På møtet vil søkarane presentere planane for kraftverka, og NVE vil orientere om sakshandsaminga. Det er ope for spørsmål og diskusjon.

Søknadane med vedlegg ligg til offentleg ettersyn på kommunehuset i Hatteng, på legekontoret i Oteren og på Jokerbutikken i Skibotn. Søknadane er også tilgjengelege elektronisk på www.nve.no/konsesjoner.

Høyringsfrist for alle søknadane er 1. april 2016.

Les meir:

Stordalen kraftverk

Nye overføringer til Govdajavri, til Skibotn og Lavka

Paras småkraftverk

Rovejohka småkraftverk

Tverrdalselva småkraftverk

Innerelva småkraftverk

 

 

Sakshandsamar Dag Kjellevold (Rovejohka og Tverrdalselva), tlf. 22 95 94 56