NVE gjev løyve til Markåni, Sædalen og Moko kraftverk, medan Boge 3, Skarvagrovi og Oddmundsdalen kraftverk får avslag. Alle dei planlagde kraftverka ligg i Vaksdal kommune i Hordaland.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 27 GWh i eit medels år. Det svarar til straumbruken til om lag 1350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag, kunne samla gitt om lag 23 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap og friluftsliv har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med ålmenne interesser, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Det er etter NVE si meining ikkje mogeleg å enda kraftverka som fekk avslag på ein måte som gjer at dei ålmenne interesser ikkje vert råka.

søkjar

kraftverk

produksjon (GWh)

Kraftkarane AS

Markåni

9,6

Sædalen Kraft AS

Sædalen

10

Boge Kraft AS

Boge 3

avslag

NGK utbygging AS

Skarvagrovi

avslag

NGK utbygging AS

Oddmundsdalen

avslag

NGK utbygging AS

Moko

7,2

 

Les meir om kvart enkelt kraftverk:

Markåni

Sædalen

Boge 3

Skarvagrovi

Oddmundsdalen

Moko