Publisert 09.05.2016 , sist oppdatert 12.05.2016

Løyve til småkraftverk i Tokke i Telemark

NVE gjev Heibøåi Kraftverk AS løyve til å bygge Heibøåi kraftverk i Tokke kommune i Telemark. Kraftverket vil produsere om lag 6,1 GWh kraft årleg. Det svarar til straumbruken til om lag 300 husstandar.

Heibøåi kraftverk er planlagt i Heibøåi, ei sideelv til Tokkeåi. Elva er del av Skiensvassdraget. I vedtaket har NVE lagt vekt på at ei utbygging av Heibøåi kraftverk vil vere eit bidrag til auka fornybar kraftproduksjon med avgrensa miljøeffektar.

På den aktuelle strekninga finst naturtypane bekkekløft og edellauvskog. Edellauvskogen er gitt nasjonal verdi, medan bekkekløfta er gitt regional verdi. NVE meiner at naturtypane berre i avgrensa grad, kan bli påverka av ei utbygging av småkraftverket. Edellauvskogen vil ikkje vil bli råka av tekniske inngrep. Det er registrert fem raudlisteartar langs elvestrekninga; alm, ask, almelav, huldregras og systermarihand. For å ta best muleg vare på naturen i området og avgrense påverknaden på artar, har NVE sett krav om mildnande tiltak, som til dømes minstevassføring og merking av førekomstar av ask og alm.

NVE meiner nytten av tiltaket er større enn skadar og ulemper for private og allmenne interesser, og gir difor løyve til bygging av Heibøåi kraftverk.

 

 

Kontaktpersonar:

Seksjonssjef Øystein Grundt: 901 98 216

Sakshandsamar Sissel Jakobsen: 22 95 90 98