Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) har gjev Hafslund Nett løyve til å bygge ein om lag 28 kilometer lang kraftleidning frå Hasle transformatostasjon i Sarpsborg via Råde til Halmstad transformatorstasjon i Rygge.

NVE gjev og løyve til å oppgradere transformatorstasjonane Råde og Halmstad, og til å rive eksistareande 47 kV leidning frå Huseby til Halmstad transformatorstasjon. Alle anlegga ligg i kommunane Sarpsborg, Råde og Rygge i Østfold fylke.

 

Kvifor bygge ny kraftleidning?

Straumforbruket i området har auka dei siste åra. Den nye leidningen og dei oppgraderte transformatorstasjonane vil auka kapasiteten i nettet, og gi betre og meir stabil straumforsyning. Dei nye anlegga vil og føre til auka fleksibilitet, og leggje til rette for framtidige oppgraderingar av straumnettet.

 

Kva har NVE gjeve løyve til?

  • Om lag 28 kilometer ny kraftleidning frå Hasle transformatorstasjon i Sarpsborg kommune, via Råde transformatorstasjon i Råde kommune, til Halmstad transformatorstasjon i Rygge kommune etter følgjande traséalternativ:
    • Alternativ 1B mellom Hasle og Ramstadbråten.
    • Alternativ 4D mellom Ramstadbråten og Aakeberg.
    • Trasé 1B mellom Aakeberg og Huseby
    • Trasé 1 mellom Huseby og Halmstad
  • Oppgradering av Råde transformatorstasjon og å utvide tomten med om lag 500 m2.
  • Oppgradering av Halmstad transformatorstasjon og å utvide tomten med om lag 1000 m2.
  • Å rive eksistareande 47 kV leidning frå Huseby til Halmstad transformatorstasjon.

 

Minst verknad

Leidningen vil bli synleg i det opne landskapet. NVE meiner den at trasékombinasjonen som har fått løyve, vil ha minst verknad for landskap, busetnader, kulturmiljø og naturmangfald. Leidningen vil bli lagt parallelt med eksisterande leidning mellom Hasle og Huseby, og vil erstatte eksisterande leidning mellom Huseby og Halmstad.

NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan. Planen skal mellom anna beskrive tiltak som reduserer den visuelle verknaden av transformatorbygga og trafikksikringstiltak for å redusere ulemper i anleggsfasen.