Publisert 15.03.2016

NVE opnar sak om revisjon av konsesjonsvilkår for Kvænangenreguleringen

NVE har fatta vedtak om å opne sak om revisjon av konsesjonsvilkår for reguleringane i Abojohkavassdraget og Njemenjaikujåkkavassdraget i kommunane Kvænangen og Nordreisa i Troms.

Nordreisa kommune fremja krav om revisjon av vilkåra for overføringa frå Stuora Mollesjavri i Reisavassdraget til Abojohka, og peika mellom anna på omsynet til fisk i Mollesjohka og til vassføringa i Mollisfossen. NVE har vedteke at alle reguleringskonsesjonane i Abojohkavassdraget og Njemenjaikujåkkavassdraget skal reviderast.

Regulanten, Kvænangen Kraftverk AS, skal innan 15. september i år utarbeide eit revisjonsdokument som gjer greie for drifta av reguleringsanlegga og omtalar dei krav som har kome inn. NVE vil sende revisjonsdokumentet på høyring til alle interesserte parter.

Les meir om saken.

 

 

Kontaktperson:

 Senioringeniør Jakob Fjellanger, tlf 22959213