Publisert 23.06.2016

Løyve til Hovatn Aust vindkraftverk med tilhøyrande nettilknyting

NVE gjev Hovatn Aust Vindkraft AS løyve til Hovatn Aust vindkraftverk i Bygland kommune i Aust-Agder.  Vindkraftverket vil få ein installert effekt på 120 MW.

NVE gjev samstundes løyve til ein 4,2 kilometer lang 33 kV kraftleidning for overføring av kraft mellom det nordre og søndre planområdet og ein 2,7 kilometer lang 132 kV kraftleidning frå transformatorstasjonen i planområdet og fram til eksisterande 132 kV regionalnett sør for Hovassdammen.

NVE har lagt vekt på at planområdet er godt eigna for vindkraftproduksjon. Etter NVEs vurdering er dei samla fordelane ved etableringa av Hovatn Aust vindkraftverk større enn ulempene tiltaket fører med seg. Hovatn Aust vindkraftverk vil bidra til auka fornybar kraftproduksjon. Vindkraftverket kan årleg produsere om lag 380 GWh ved ei full utbygging.

Dei viktigaste negative verknadane av tiltaket er, etter NVEs vurdering, blant anna knytt til visuelle verknader for landskap og negative verknader for fugl og villrein.

NVE har difor sett ei rekkje vilkår i konsesjonane. Blant vilkåra er undersøking av hubro i området og utarbeiding av ein tiltaksplan for å redusere verknader for villrein.

NVE konstaterer at Bygland kommune er positive til prosjektet. Aust-Agder fylkeskommune meiner det må leggjast stor vekt på kommunen sitt syn i saka. Fylkesmannen i Aust-Agder har fremja motsegn hovudsakleg med bakgrunn i verknader for villrein. Saka vil difor verte sendt til Olje og energidepartement for klagehandsaming når klagefristen er gått ut.

Lenke til saksside 

Kontaktpersonar:
Avdelingsdirektør: Rune Flatby, tlf.  41 67 82 03
Sakshandsamar for vindkraft: Hilde Aass, tlf.  22 95 98 85