NVE har handsama fem kraftverksøknadar i kommunane Gildeskål og Rødøy i Nordland. NVE gjev løyve til Breivikelva, Sørdalselva og Melfjordbotn kraftverk, medan Tindåga og Buvikelva kraftverk får avslag.

Dei tre kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 27 GWh i eit medels år, noko som svarar til straumbruken til om lag 1350 husstandar. Prosjekta som fekk avslag kunne samla gitt om lag 13 GWh/år.

Søknadane er handsama samla for å kunne gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane av vasskraftverka. Landskap, biologisk mangfald og reindrift har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. NVE har gjeve konsesjon til kraftverka som vi meiner gjev minst konflikt med disse ålmenne interessene, og som samstundes vil bidra til produksjon av fornybar energi.

For å redusere dei negative verknadane for dei ålmenne interessene er det sett vilkår til kvart av prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering vil aktuelle tilpassingar ikkje vere tilstrekkelege for å få løyve til å byggje kraftverka som fekk avslag.

Søkar

Kraftverk

Produksjon

Sjøfossen Energi AS

Tindåga

Avslag

Norsk Vannkraft AS

Breivikelva

9,2

Strømdalskraft AS

Sørdalselva

5,8

NordNorsk Småkraft AS

Buvikelva

Avslag

Norges Småkraftverk AS

Melfjordbotn

12,13

 

Les meir om kvart kraftverk:

Tindåga

Breivikelva

Sørdalselva

Buvikelva

Melfjordbotn