Publisert 06.07.2016

NVE tilrår løyve til Jølstra kraftverk

NVE rår Olje- og energidepartementet til å gje Sunnfjord Energi AS løyve til å bygge Jølstra kraftverk i kommunane Jølster og Førde i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil gje om lag 200 GWh ny fornybar straum i året, noko som svarar til straumbruken til rundt 10000 husstandar.

NVE har i den samla vurderinga lagt vekt på at Jølstra kraftverk vil gje eit betydeleg bidrag til produksjon av ny fornybar energi, der ein stor del er vinterkraft.

Jølstra kraftverk skal nytte fallet i Jølstra mellom Jølstravatnet og Movatnet. Sunnfjord Energi AS og Nordkraft Prosjekt AS søkte begge om å bygge ut dei same vassressursane.

- NVE tilrår løyve til Sunnfjord Energi då dette alternativet gjer høgare kraftproduksjon enn det andre alternativet, med nær dei same verknadane for miljøet. NVE meiner løysinga til Sunnfjord Energi utnyttar eksisterande vassressursar på ein god måte, seier Rune Flatby, avdelingsdirektør i NVE

Dei mest sentrale problemstillingane knytt til konsesjonsspørsmålet, gjeld fisk og elvesportaktivitetar som rafting og padling. I tillegg er Jølstra eit viktig landskapselement i Jølsterdalen. For å redusere dei negative verknadene, er det foreslått fleire avbøtande tiltak.

- Utbygger er mellom anna pålagd minstevassføring sommar og vinter, og tiltak for å oppretthalde fiskevandringar og produksjonsområdar for fisk, understrekar Flatby.

NVE har gjort ei heilskapleg vurdering av planane, konsekvensutgreiingane og høyringsfråsegnene. Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka er større enn ulempene, og at kraftproduksjonen veg opp ulempene tiltaket fører med seg.

Olje- og energidepartementet vil stå for den vidare sakshandsaminga.

Les meir om saka på NVE si nettstad.


 

 

Kontaktpersonar:

Avdelingsdirektør Rune Flatby, tlf 416 78 203

Kommunikasjonsrådgjevar Arne Søiland, tlf 402 10 150

Rune Flatby
Avdelingsdirektør Rune Flatby
NVE meiner løysinga til Sunnfjord Energi utnyttar eksisterande vassressursar på ein god måte.