Publisert 29.02.2016

Fire løyve og tre avslag til småkraftverk i Sogn og Fjordane

NVE gjev løyve til Kråkeelvi kraftverk i Balestrand kommune, TVK kraftverk i Vik kommune, Dyrdalselva kraftverk i Høyanger kommune og Kvammadalselvi kraftverk i Aurland kommune. Brekka kraftverk i Balestrand kommune, Skjerdal kraftverk i Aurland kommune og Tura kraftverk i Vik kommune får avslag.

Dei fire kraftverka som har fått løyve, vil produsere om lag 51,7 GWh i eit middels år, noko som svarar til straumbruken til 2600 husstandar. Prosjekta som får avslag, kunne samla ha gjeve om lag 39,3 GWh.

Søknadane er behandla samtidig for å best mogleg gjere ei heilskapleg vurdering av verknadane frå småkraftverka. Verdifullt landskap og naturmangfald har vore sentrale tema i NVE si vurdering av desse prosjekta. Det er gjeve konsesjon til dei kraftverka NVE meiner vil vere i minst konflikt med allmenne interesser, og som samtidig vil bidra med ei viss mengde ny fornybar energiproduksjon.

For å redusere dei negative verknadane for dei allmenne interessene, er det sett vilkår til kvart av dei fire prosjekta som har fått løyve. Etter NVE si vurdering er det ikkje mogleg å gjere tilpassingar som er tilstrekkelege til å avbøte ulempene frå dei tre kraftverka som får avslag.

Les meir om søknad og grunngjeving for kraftverka på www.nve.no:

 

Søkjar

     Kraftverk

Konsesjonsgitt produksjon

(GWh/år)

Sognekraft AS

Kråkeelvi kraftverk

13,7 GWh/år

Sognekraft AS

Brekka kraftverk

Avslått

Norges Småkraftverk AS

TVK kraftverk

16,2 GWh/år

Skjerdalskraft SUS

Skjerdal kraftverk

Avslått

Tura Kraft AS

Tura kraftverk

Avslått

Dyrdal Kraft AS (SUS)

Dyrdalselva kraftverk

9,3 GWh/år

Kvammadalselvi Kraftverk SUS

Kvammadalselvi kraftverk

12,5 GWh/år

 

 

 

Kontaktpersonar:

Rådgjevar Silje Aakre Solheim, tlf 22959544

Seniorrådgjevar Auen Korbøl, tlf 22959344

Overingeniør Helén Nathalie Liebig-Andersen, tlf 22959895

Seksjonssjef Øystein Grundt, tlf 90198216