NVE gjev Statnett SF AS løyve til å bygge ny 420 kV Fjotland transformatorstasjon, og å bygge om dagens leidningar i området. Tiltaka ligg i Kvinesdal kommune i Vest-Agder.

Tiltaka er ein del av Vestre korridor, eit større oppgraderingsprosjekt, der sentralnettet på Sør-Vestlandet skal styrkast. Ei oppgradering til spenningsnivå på 420 kV vil mellom anna betre forsyningstryggleiken, legge til rette for ny fornybar energiproduksjon og gje høg utnytting av dagens og planlagde mellomlandssamband.

Tiltaket er naudsynt for at dei konsesjonsgitte leidningane mellom Ertsmyra og Arendal kan driftast på 420 kV som er det høgste spenningsnivået i Noreg. Etter planen skal dagens leidningar inn til Solhom koplingsstasjon rivast slik at leidningstraseane ikkje blir vesentleg annleis enn i dag. NVE stiller krav om utarbeiding av ein miljø-, transport- og anleggsplan. Planen skal mellom anna beskrive tiltak som reduserer den visuelle verknaden av transformatorbygget og trafikksikringstiltak for å redusere ulemper i anleggsfasen.

På nve.no kan du lese meir om løyve til Fjotland transformatorstasjon i Kvinesdal og oppgradering av leidningar i området.

 

Kontaktpersonar

Seksjonssjef: Siv Sannem Inderberg, tlf: 22 95 94 38 mobil: 90193008

Saksbehandler: Anette Ødegård, tlf. 22 95 92 69