Publisert 13.11.2020 , sist oppdatert 16.11.2020

Ny rettleiar frå NVE for utgreiing av skredfare

NVE har utarbeida ein ny rettleiar for utgreiing av skredfare for bratt terreng. Rettleiaren er for deg som skal bestille eller utføre ei slik utgreiing.

Flaumskred i Vaksdal i Hordaland 14.09.2019. Foto: Statens Vegvesen/Varsom Regobs.no

- Vi har utarbeida denne rettleiaren saman med bransjen for å auke kvaliteten på skredfareutgreiingar. Rettleiaren vil gje konsulentar, kommunar og utbyggjarar betre oversikt over kva som må inngå i ein skredfareutgreiing, seier Anne Britt Leifseth, direktør for skred og vassdragsavdelinga i NVE. 

-Dette vil mest truleg gje jamnare konkurranse og høgare kvalitet. Kommunar og utbyggjarar vil kunne føle seg tryggare på at utgreiinga held mål. Det er trass alt snakk om fare for liv og helse, seier Leifseth.

Anbefaler at rettleiaren vert tatt i bruk frå i dag

NVE anbefaler at kommunar krev at alle utgreiingar bestilt etter dags dato følger denne rettleiaren. NVE anbefaler også at konsulentar som utfører skredfareutgreiing tar denne rettleiaren i bruk frå dags dato på alle nye oppdrag.

Svarar ut tryggleikskrav i lov og forskrift

Rettleiaren gjeld utgreiing av skredfare for skredtypane steinsprang, steinskred, snøskred, jordskred, flaumskred og sørpeskred. Den skildrar metodikk og dokumentasjon for å svare ut tryggleikskrava i plan- og bygningsloven og byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-3.

Erstattar rettleiar frå 2014

Sidan mars 2019 har NVE samarbeida med konsulentbransjen om å utvikle ein bransjestandard for kartlegging av skredfare i bratt terreng i Norge. Den nye rettleiaren er nettbasert, og erstattar den noverande rettleiaren frå 2014.

Arbeidet med ei felles bransjestandard vart sendt på høyring i august 2019, og på ny høyring i mars 2020.

Kontaktperson

Overingeniør Odd Are Jensen
tlf. 22 95 95 21

Fakta

Rettleiaren inkluderer mellom anna:

  • Prosedyrar for utgreiinga av dei forskjellige skredtypane med krav om kunnskap om og tilgang til moderne modelleringsverktøy
  • Krav om feltsynfaring i dei fleste tilfelle
  • Krav om kompetanse/erfaring for utførande konsulent og sidemannskontrollør
  • Krav om uavhengig kvalitetskontroll for sikkerheitsklasse S3 og over der konsekvensane av eit skred er store.