Flaumsikring langs Vossovassdraget – moglege løysingar og nye kart - NVE

Etter flaumen i 2014 har NVE arbeidd med eit forprosjekt for å vurdere alternative sikringstiltak langs Vossovassdraget. Prosjektet vert presentert på Heradsmøte på Voss torsdag 18. juni. Samstundes vert oppdaterte flaumsonekart overlevert til heradet.

Flaum i Voss desember 2015. Foto: NVE

Tre hovedstrategiar for flaumsikring

På oppdrag frå NVE har Sweco Norge AS utarbeidd eit forprosjekt med løysingar som vil sikre Vossovassdraget mot flaumhendingar i eit framtidig klima. Tre hovudstrategiar vert presentert:

  • Flaumsikring med flaumtunnelar som held vatnet i vassdraget
  • Flaumsikring med flaumtunnelar som tek vatnet ut av vassdraget
  • Lokale flaumsikringstiltak med mur, vollar og mobile flaumverk på Voss og Evanger

Flaumtunnelar kan verte utfordrande

Alternativa er vurdert med omsyn til effekt, konsekvensar og kostnader. Arbeidet viser at det er mogleg å sikre busetnad og infrastruktur langs Vossovassdraget i høve ei 200-årshending inkludert klimapåslag, ved hjelp av flaumtunnelar.  Alternativa kan medføre inngrep i verna vassdrag, og vil få konsekvensar for miljø, friluftsliv, landskapsbilete og kulturminner.

- Detaljering av flaumtunnelar har vist at tiltaka er meir kostnadskrevjande enn det vi såg for oss då prosjektet tok til, seier regionsjef i NVE, Brigt Samdal.

- NVE er oppteken av at statens investering i sikring gir størst samfunnsøkonomisk nytte i høve til kostnadane ved tiltaket. Vi ser at alternativ med flaumtunnelar kan verte utfordrande å prioritere. I lys av dette vil det verte viktig å arbeide vidare med detaljering av lokale flaumtiltak, seier Samdal.

Flaum i Voss, desember 2015. Foto: NVE

Oppdaterte flaumsonekart gjev større flaumsoner

Samstundes har NVE oppdatert flaumsonene for Voss og Evanger sentrum, i kart tilpassa eit endra klima fram mot år 2100​.

- God styring av arealbruken er det absolutt viktigaste tiltaket for å redusere risikoen for flaumskader. Flaumsonekarta er viktige verkty for å oppnå dette. Kommunen har fått eit betre verkty for god arealforvaltning, byggjesakshandsaming og lokal flaumberedskap, fortel Samdal.

Samanlikna med flaumsonekart frå 2006, viser dei nye flaumsonene at større område vert overfløymt ved flaumhendingar i vassdraget, særskilt i eit endra klima.

Mot slutten av århundret forventar vi ein flaumvasstand i Vangsvatnet rundt kote 53,3 moh, mot kote 51,3 moh som vi opplevde i 2014. Tilsvarande forventar vi flaumvasstand i Evangervatnet rundt kote 14,7 moh mot kote 12,75 moh i 2014. I tillegg er det teke høgde for auka havnivå i Bolstadfjorden som følgje av eit endra klima.

Les meir om flaumsonekartlegging på våre nettsider.