Vann og vassdrag
Energi
Naturfare
Arealplanlegging
Kart
Konsesjon
Om NVE
Publisert 05.10.2022

Vassmagasinstatistikk veke 39 2022

Ved utgangen av veke 39 var fyllingsgrada i norske magasin 69,4 prosent.

Til samanlikning er medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt 82,6 prosent for åra 2002-2021. Gjennom veka auka magasinfyllinga med 1,5 prosenteiningar.

Høgast magasinfylling hadde Nord-Noreg (prisområde 4) med 87,2 prosent, mens Sørvest-Noreg (prisområde 2) hadde lågast fylling med 53,1 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 39, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.