Vassmagasinstatistikk veke 33 2020 - NVE

Liten nedgang i magasinfyllinga. Ved utgangen av veke 33 var fyllingsgraden i norske magasin 90,9 prosent.

Magasinfyllinga gjekk ned med 0,3 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 80,2 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 83,9 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 94,0 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 33, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.