Vassmagasinstatistikk veke 28 2020 - NVE

Magasinfyllinga over 80 prosent. Ved utgangen av veke 28 var fyllingsgraden i norske magasin 80,6 prosent.

Magasinfyllinga auka med 2,0 prosenteiningar frå veka før.

Medianverdien for fyllinga på tilsvarande tidspunkt for åra 2000-2019 er 72,1 prosent.

Lågast magasinfylling hadde Nord-Noreg (Elspotområde 4) med 67,6 prosent, medan Aust-Noreg (Elspotområde 1) hadde høgast fylling med 89,8 prosent.

Energiinnhald og fyllingsgrad i vassmagasin i veke 28, samt historiske verdiar og diagram er å finne i vassmagasinstatistikken.