Publisert 12.09.2019

Nytt skredfarekart for Slåtten i Jølster

Ei ny faresonekartlegging i Jølster kommune syner at berre eitt bustadhus, på eit av tre gardsbruk, ligg innanfor faresona for 1000-års skred. NVE bestilte ei full faresonekartlegging for området på Slåtten i etterkant av dei mange skredhendingane i Jølster kommune 30. juli.

– Utgreiinga syner at bustadhusa på Slåtten står relativt trygt, men at eitt bustadhus i området ikkje oppfyller dagens krav til tryggleik for nybygg (jf. Tek17). Dei andre bustadhusa ligg trygt for 1000-årsskred, fortel NVE sin regionsjef Brigt Samdal.

På oppdrag frå NVE har NGI vurdert skredfaren og kome med forslag til tiltak som kan betre tryggleiken i området.

– Konklusjonane i rapporten er i tråd med NVE sine tidligare vurderingar og faresonekartlegginga er gjennomført etter same modell som tidlegare faresonekartlegging i kommunen, fortel Samdal.

NVE nyttar kost/nytte-vurderingar i samband med prioriteringar av kva sikringstiltak som skal gjennomførast i Noreg. Eventuelle tiltak vil bli vurdert opp mot andre skredutsette bustadar i landet.

– Garden Slåtten Midtre kan søke om tilskot til sikringstiltak frå NVE. Vi vil då vurdere søknaden opp mot andre søknadar som kjem inn, fortel Samdal.