Publisert 02.07.2019

NVE set ned farenivået på Veslemannen til gult

Det er redusert hastigheit i fjellpartiet og meldt snøvêr.

Måndag kveld vart det kaldare og nedbør har komme som snø. Fordi det ikkje kjem vatn til fjellpartiet har hastigheitene vorte noko redusert. Hastigheita er rundt 70 mm/døgn i øvre del av fjellpartiet og rundt 10 mm/døgn i frontpartiet.

Det er meldt kaldt dei neste dagane, og at nedbør i hovudsak skal komme som snø. På bakgrunn av dette vel NVE å senke farenivået til gult.

Veslemannen er ein liten, men svært aktiv del av fjellpartiet Mannen. Farenivået for Veslemannen vart heva til gult 13. juni, og vidare til oransje og raudt den 30. juni. Bakgrunnen for dette var auka bevegelsar som følgje av regnvêr.

Ved gult farenivå vert det dagleg publisert rapportar om bevegelsane på: www.varsom.no/fjellskredovervaking/varsel/veslemannen/

Les meir om Mannen og Veslemannen på: www.nve.no/flaum-og-skred/fjellskredovervaking/mannen

Kontaktinformasjon

Vakthavande geolog: 474 55 454 (ikkje sms) (kl 07- 0730 og etter kl 09)
NVEs pressetelefon: 489 97 667 (ikkje SMS)